Tekniske og industrielle kulturminner
  Les meir om minna som er knytt til temaet
 

Med framveksten av tekstilindustrien frå midten av 1800-talet starta historia til det moderne industrialiserte Noreg. Utviklinga til den norske tekstilindustrien var tett knytt opp til hendingar i England. Det var innan den engelske tilverkinga av bomullsvarer den såkalla industrielle revolusjonen fann stad. Fram til 1800-talet var England eit av dei leiande europeiske landa innan produksjon av tekstilar og tekstilmaskiner. Noreg hadde på denne tida unytta fossekraft, låg toll råvarer og høg toll på ferdige bomullsvarer. Opphevinga av utførsleforbodet i England på maskiner gjorde det difor gunstig å starte med tekstilproduksjon her i landet.

Dei første spor etter norske tekstilindustri finn ein imidlertid alt tidlig på 1800-talet, Halden Bomullspinneri frå 1813 og Solberg Spinneri frå 1820.Elles var det utover i 1840-åra ein fekk den første store bølgja av industrietableringar. På Austlandet vart området langs Akerselva eit av dei sentrale stadane for tekstilindustrien, pionerane her var mellom anna dansken Knud Graah som etablerte Vøien bomullspinneri (1845) og Adam Hjort som starta Nydalen bomullspinneri(1847). Ein annan av dei østnorske pionerane var Halvor Schou som i 1849 satte i gong Hjula Veveri.

Eit anna kjerneområde for tekstilindustrien fekk ein kring Bergen, og ein rekkje av dei tettstadene ein i dag finn i dette området er vakse fram kring ein tekstilfabrikk.

I Bergensområdet var det innvandrarar frå Slesvig som kom til å vere foregangsmenn innan tekstilindustrien.Eit sentralt namn i denne historia er Peter Jebsen. Han kom til Bergen i 1843, og etter å ha vore tilsett eit par år hjå Gades Manufaktur i Bergen, kjøpte han Blindheimselva i Ytre-Arna for 200 spesidalar, halve formuen sin. I 1846 bygde han eit bomullsveveri ved utløpet til elva med 36 vevstolar som han hadde kjøpt i England. Dette skal ha vore det første mekaniserte bomullsveveriet i Noreg. Verksemda auka raskt, og etterkvart vart det bygd både bomullsspinneri, fargeri og bleikeri på staden. Dette vart starten på Arne Fabrikker.

I tillegg til å vere industrigründer, vart Peter Jebsen også ein pioner innan samferdslehistoria på Vestlandet. Fabrikken kjøpte i 1864 dampbåten D/S "Arne". Viktigaste oppgåve for båten var transport mellom fabrikken i Arna og Bergen, samstundes vart han den første rutebåten som gjekk i trafikk mellom Bolstad og Bergen. Peter Jebsen var også ein av dei som jobba for å få ein jernbane mellom Bergen og Voss.

Namnet Peter Jebsen treff ein att i historia til fleire av dei andre tekstilfabrikkane i dette området, det viser seg at han var direkte eller indirekte involvert i oppstarten til ei rekkje av desse. Peter Jebsen sin bror, Jürgen Jebsen, etablerte saman med H. Hansen og F. Matthiessen firmaet Hansen & Co i 1851. Desse starta opp ein ullvarefabrikk i Ytre Arna, i nærleiken av Peter Jebsen sitt bomullsveveri. Som Jebsen-brørne var også Hansen og Matthiessen frå Slesvig. Dei to sistnemde gjekk seinare ut av firmaet, og i 1879 vart ullvarefabrikken ein del av Arne Fabrikker.

Dale Fabrikker (1879) er også eit resultat av gründeren Peter Jebsen. Staden og elva hadde han vorte merksam på under med arbeidet med å få til ein jernbane mellom Bergen og Voss. I 1873 kjøpte han rettane til Bergsdalselva, og då Vossebanen opna i 1883, vart Dale og fabrikken liggjande sentralt til langs Vossebanen, og frå 1909 Bergensbanen.

Ein annan av Peter Jebsen sine brødre, Johan Jebsen, starta i 1895 ein band og lissefabrikk på Trengereid, Trengereid Fabrikker, som seinare fekk ei avdeling på Fjøsanger.

Grunnleggjarane av trikotasjefabrikken i Salhus var Philip Christian Clausen og Jürgen Ramm, også dei frå Slesvig. Begge hadde vore ansatt hjå Peter Jebsen, og vart oppmoda av han til å starte for seg sjølv. Noregs første fullmekaniserte trikotasjefabrikk vart etablert i Salhus i 1859. Seinare gjekk ein tredje slesviger inn som medeigar, Lorenz Kemp Todsen. Då fabrikken vart aksjeselskap etter ein konkurs i 1888, vart Philip Chr. Clausen direktør. Sonen Emil Clausen overtok drifta i 1909 og leia fabrikken fram til han døde i 1967, 93 år gamal.

Den andre store tekstilfabrikken som vaks fram i Salhus, Salhus Væverier, vart grunnlagt av eldste son til Philip Clausen, Jürgen Clausen, i 1894.

F.Matthiessen som var med på å starte ullvarefabrikken i Ytre Arna, finn vi att i historia til ullvarefabrikken Samnanger Ullvarefabrikk i Tysse, etablerte i 1886. I dag held Samnanger Fabrikker (SAFA) til her.

Ein annan av tekstilgründarfamiliane frå Slesvig het Petersen. I 1879 kjøpte firmaet J & C Petersen eit området ved Hopsfossen i Fana og grunnla ullspinneri og trikotasjefabrikk. Eigarar var syskenborna Christian og Jørgen Petersen. Christian hadde jobba ei tid ved Salhus Tricotagefabrik. Firmaet vart oppløyst i 1886, og Jørgen Petersen dreiv i nokre år Hopīs Tricotagefabrik aleine, medan Christian Petersen saman med Johan J. Dekke starta ullspinneri og trikotasjefabrikk i 1887 på Georgernes Verft i Bergen.

Som følgje av at mellomriksloven og frihandelsavtalen mellom Sverige og Noreg vart oppheva i 1897 og at det ikkje lenger var like gunstig å selgje norskproduserte varer i Sverige, starta Petersen & Dekke ein større trikotasjefabrikk i Borås i Sverige med Jørgen Petersen som medeigar. Firmaet dreiv no tre tekstilfabrikker. Då firmaet i 1903 vart delt i eit svensk og eit norsk selskap, vart fabrikken på Georgernes Verft nedlagt og maskinene flytta til Hop. Verksemda var no tilbake til utgangspunktet, og Petersen & Dekke A/S, betre kjent som PeDek, utvikla seg til ein av dei største trikotasjefabrikkane i landet.

Petersen-namnet dukkar også opp i historia til ein annan av tekstilfabrikkane, Eidsvaag Fabrikker som i 1896 vart starta av Christian Petersen.

Anton S. Stephansen heitte grunnleggjaren til A/S Stephansen på Espeland. Han hadde tidlegare jobba hjå Jebsens manufakturhandel i Bergen før han starta si eiga manufakturhandel. I 1894 kjøpte han vassrettane til Espelandsfossen og året etter var trikotasjefabrikken i drift. Som formann og verksmeister fekk han Anders Lone som tidlegare hadde vore strikkeformann ved Salhus Tricotagefabrik. Fabrikken skifta seinare namn til Janusfabrikken, etter varemerket sitt "Janus".

Som vi har sett var nokre av desse industripionerane involvert i etablering av tekstilfabrikker i Sverige, men også på Austlandet finn ein spor etter dei driftige folka frå Slesvig. Berger Fabrikker i Vestfold vart i 1881 starta av son og soneson til Peter Jebsen, Jürg. og Jens Jebsen. Nokre år seinare, i 1889, vart Fossekleven Fabrik, satt i gong av ein anna soneson til Peter Jebsen, Jørg Jebsen. Fossekleven Fabrikk vart seinare solgt til broren Jens, og i 1936 vart dei to slått samen til ein fabrikk, Jens J. Jebsen & Co. Jørg. og faren Jürg. Jebsen etablerte også ein ullvarefabrikk i Sverige, Partille Yllefabrik ved Gøteborg.

I tillegg til desse fabrikkane, vaks det fram ein mengde små og nokre større tekstilfabrikker i dette området på Vestlandet, mellom anna på Askøy, Voss, Hardanger, Nordhordland, Osterøy og Os.

Den siste storhetsida til den norske tekstilindustrien var på 1950- og 1960-talet. 70-talet var prega av omstrukturering og mange av verksemdene forsvann utover på 1970- og 1980-talet. I dag finn ein 5-6 tekstilfabrikker att i området kring Berge, rundt 1950 var her meir enn 30. Men framleis er dette eit av dei områda i landet der tekoindustrien står sterkast.

 

Kjelder:

Grieg, Sigurd Norsk Tekstil band I (1950)

Småland, Erik Salhus ein tettad i Bergen (1997)

"Tvetydig fabrikvirksomhed paa vor golde kyst" Tekstilindustrien i Nord- og Midthordland. Frå Fjon til Fusa Årbok 1994

   

Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
og Museumssenteret i Salhus