Saftmuseet på Sørheim
Astri og Nils Lerum Leri 6876 Skjolden
Tlf: 57 68 51 78
nlerum@online.no 
|

|
I 1906 starta Kari og Nils H. Lerum med landhandel i kjellaretasjen i sitt eige nybygde hus på Leri i Luster kommune. Gjennom landhandelen tok dei imot frukt og bær for vidaresending til andre. Hausten 1907 sto det att to stampar med bringebær på kaia i Sørheim. Bæra blei kokt til saft heime på kjøkkenet, og solgt i landhandelen. Dette var oppstarten til saftproduksjonen på Leri.
I 1909 bygde dei Safthuset, som er sjølve museet no. Huset, som er på om lag 60 m2, vart restaurert i samband med bedrifta sitt 90-års jubileum i 1997. I 1919 flytta fabrikken til Sogndal. Der hadde dei tilgang på elektrisitet, dessutan slapp dei å handskast med isen på Luastrafjorden om vinteren.
På loftet blei det lagra sukker, emballasje og reiskapar. I mellometasjen gjekk sjølve produksjonen føre seg. Her er det to store vedfyrte kokepanner, som kvar tek om lag 250 liter, og dessutan saftpresser, maskiner for flaskekorking, boksefalsing, og skrelling av frukt, i tillegg til arbeidsbenk og vedkappsag. Alt dette var drive av ein ”Rapp” båtmotor.
I kjellaren var det den gongen lager med store tønner på 300-500 liter.
I dag er det en utstilling med historiske gjenstandar saman med dagens produkt.
|
|
Du kan bli den fyrste som legg inn ein kommentar - berre fyll inn skjemaet under og fortel oss om dine erfaringar frå Saftmuseet på Sørheim, eller gje oss meir informasjon!
Vi tek atterhald om at vi kan endre eller slette innlegg!
Dette meiner eg:
|
|

Freistande etikettar var med å auke salet. 
Bærpressa har gått ut på dato. 
Omgrepet -ikkje mobb kameraten min- var enno ikkje funne opp i 1950. 
Det fyrste saftproduksjonslokalet er no bedriftsmuseum. Alle foto frå bedriftshistoria -90 år med Lerum.
|