Bergen tekniske museum

Tekniske og industrielle kulturminner

Bergen tekniske museum
Tor Møhlensgt. 23.
Trikkehallen på Møhlenpris
Bergen

Tlf: 55 65 11 60

Bergen Tekniske Museum held hus i den tidlegare trikkehallen på Møhlenpris, og er samstundes med å vere trikken sitt museum òg husfar for byens mange elektriske og motoriserte kjørety, og vertskap for ein mengd klubbar og foreiningar som høyrer naturleg heime i desse lokala og i dette miljøet. Om miljøet ber preg av å vere mannsdominert? Tja, tjo.

Samstundes er det og såleis at kvinner med desse interessene og er velkomne i eit miljø prega av ulike kjørety og andre tekniske innretningar. Museet byr på eit mangfald for dei besøkande, og dei kan det vere mange av når til dømes modelljarnbanane til dei store gutane skal visast fram.

Bergens kasserte framkomstmiddel fortel historia si her, med god hjelp frå desse:

Bergen Datateknisk Museum
Bergen Elektro Museum
Bergen Flyhistorisk Forening
Bergen Veteranvognklubb
Bergen Militærhistorisk Kjøretøyforening
Classic Bike Owners Club
Foto-kino gruppe
Husholdningsteknisk gruppe
Industriteknisk gruppe
Modell gruppe
Norsk Jernbaneklubb Bergen
Rutebilhistorisk Forening
Veteranbåtlaget

Hovudattraksjonen til Bergen Tekniske Museum er trikken, som til vanleg køyrer kvar søndag føremiddag. Ein annan attraksjon er smeden, som visar deg korleis ein kan ta eit stykke jarn og forvandla det til - tja, kva du vil.

Bergen Tekniske Museum ber preg av å vere eit museum som blir drive på frivillig innsats, økonomien er langt under det moglege. Trikkehallen frå 1913 er freda, og er i ein uverdig dårleg stand. Sjølv om det er ein stor oppleving å gå og kikke på dei ulike gjenstandane, kviskrar ein liten stemme: Tenk så flott det kunne vore her! Med det unike bygget og området rundt, utstillingsgjenstandane og dei ivrige og dyktige medlemmane har museet eit fantastisk godt potensiale!

Vaflane er gode og.

Innsende kommentarar:

Kåre Haugen, kaare.haugen@framoeng.no
Det hadde vært interresant å se et spesielt fokus på Bergen sin spennende industrihistorie. Det finnes private samlinger som ville passe inn hos Bergen Tekniske Museum. F.eks har Rolls Royce (tidl. Bergen Diesel) en stor samling av egne motorer, det samme har Sabb Motor. Sabb har også en god samling av produksjonsutstyr, former, testutstyr m.m. Det samme gjelder sikkert for en rekke bergensbedrifter.
16.5.2007
Familiene Hovden og Larsen, trude@hdlab.net
Hei til dere ved Bergen Tekniske Museum, Jeg har en sønn som er interessert i alt fra fugl og fisk til tekniske kjøretøy og veteranbiler. Jeg sjekket derfor nettet etter mulige steder vi kunne gå på en søndags ettermiddag i september. Gleden var derfor stor da vi på nettet kunne lese at dere holdt åpent søndager fra 12.00 til 16.00. Vi var 6 stykker og måtte kjøre to biler. Da vi kom fram, etter å ha funnet parkeringsplasser til begge bilene, så vi på et skilt utenfor på porten at det var stengt for vedlikehold, og at det hadde vært stengt i LANG tid. Mens vi stod der og leste på skiltet kom ytterligere to familier med barn som ville inn, og også de hadde sjekket åpningstider på internett. Kan dere være så snill å gi beskjed til www.byport.no (og andre som linker til dere) sånn at de kan oppdatere sidene sine? Det er MEGET kjedelig å møte stengte dører, når man gjør en ekstra innsats for å ha det hyggelig sammen. Vennlig hilsen Trude m/familie
15.9.2007

Dette meiner eg:

Namn:
Epost:
Hør nå
her:


Museet ligg i den gamle trikkehallen, og vitnar om den gongen Bergen hadde trikk!


Come on Barbie, let's go party...


Denne racerbilen kunne vore henta frå kva som helst teikneserie.


Kjøkkenutstillinga er verd å ta med seg med sitt usannsynlege kaos! Inga 50-tals husmor med støv på hjernen ville ha satt sine bein her! Alle foto: Histos

   

Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
og Museumssenteret i Salhus